Midlertidig stopp skilt 300h

Pendlerparkering på Moa

Parker bilen på Moa og ta bussen mot byen – enkelt og billig

Frå måndag 4. oktober tilbyr Ålesund kommune, Ålesund parkering og Møre og Romsdal fylkeskommune ved FRAM innfartsparkering på Moa og buss mot sentrum i ein og same billett. Ordninga er sikta inn på pendlarar som køyrer via Moa og vidare mot sjukehuset, campus og Ålesund sentrum.

Prøveprosjekt

I første omgang blir dette eit prøveprosjekt på seks månader. Ordninga omfattar om lag 60 parkeringsplassar ved svømmehallen på Moa. For 44 kr per dag får du parkering og bussbillett tur/retur sentrum. Det er same prisen som ein enkeltbillett på bussen. Parkerings-/bussbilletten varar i 12 timar og gjeld for førar av bil.

- Ved å parkere bilen «gratis» slepp pendlaren å betale for dyrare parkering i sentrum eller på andre knutepunkt og kjem seg rimeleg frå Moa og tilbake til bilen. Vi ønsker å teste dette tiltaket for å auke bussen sin konkurransekraft i forhold til privatbilen, seier Toril Karlsnes, seksjonsleiar i FRAM.

14 bussar i timen

I rushtidsperiodane frå sju til ni om morgonen og halv to til halv seks på ettermiddagen går det 14 bussar i timen kvar veg mellom Moa og sentrum. Så du slepp lang ventetid, og det er enkelt med parkeringsbillett og bussbillett i same app.

Enkelt å bruke

- Du parkerer bilen på det reserverte området, kjøper billett via FlexiPark-appen, og viser billetten i appen til bussjåføren. Enkelt og greitt, seier Roar Salen, daglig leder i Ålesund parkering.

- Vi er svært glade for at vi har fått til dette samarbeidet. For mange er ikkje buss heile vegen den beste løysinga. Denne ordninga gjer det enkelt å kombinere bil og buss, og vi er veldig glad for at vi kan prøve ut ei slik løysing, seier Eva Vinje Aurdal, ordførar i Ålesund kommune.

Kontaktpersonar:

Toril Karlsnes, seksjonsleiar i FRAM - tel. 456 08 330

Roar Salen, daglig leder i Ålesund parkering – tel 70 16 21 29

Eva Vinje Aurdal, ordførar i Ålesund kommune  - tel 922 94 785