Midlertidig stopp skilt 300h

Oppdatering pendlerparkering på Moa

Parkering + buss Moa: og for dei med periodebillett

I forbindelse med innføring av parkering + bussbillett tur/retur Moa-Ålesund for 44 kronar per dag, har det oppstått stor usikkerheit for dei som allereie har brukt desse parkeringsplassane og som har periodebillett på bussen.

FRAM, Ålesund parkering og Ålesund kommune seier no at dei aktuelle parkeringsplassane og er opne for reisande med gyldig periodebillett. Pendlarar med gyldig periodebillett kan parkere på pendlarparkeringa utan å løyse parkeringsbillett. Det vil bli stikkontrollar av at dei har gyldig periodebillet.

- På litt sikt ser vi for oss ei løysing for å knytte parkeringsapp og gyldig periodebillett saman, men dette vil det ta noko tid å få på plass, seier Toril Karlsnes, seksjonsleiar marknad i FRAM.

Kort om ordninga

Ålesund kommune, Ålesund parkering og Møre og Romsdal fylkeskommune ved FRAM tilbyr innfartsparkering på Moa og buss mot sentrum i ein og same billett. I første omgang er dette eit prøveprosjekt på seks månader. Ordninga omfattar om lag 60 parkeringsplassar ved svømmehallen på Moa. For 44 kr per dag får du parkering og bussbillett tur/retur sentrum. Det er same prisen som ein enkeltbillett på bussen. Parkerings-/bussbilletten varar i 12 timar og gjeld for førar av bil. Bilførarar som har periodebillett, kan og bruke parkeringsplassane og reise vidare med buss.

Kontaktpersonar:

Toril Karlsnes, seksjonsleiar i FRAM - tel. 456 08 330

Roar Salen, leiar i Ålesund parkering – tel 70 16 21 29